Denne veka møtte ombod Bjørn Erik Thon HR-sjef Tom Simonsen og andre representantar frå Forsvaret for å evaluere samarbeidet om å førebygge seksuell trakassering.

Samarbeidet, som blei inngått i 2020, har blant anna bestått av utvikling av kurs- og undervisningsmateriell til opplæring av Forsvarets tilsette og vernepliktige. Ombodet har også kursa leiarar på ulike nivå i Forsvarets 14 driftseiningar, deriblant Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Hæren.

Opplæringa har tatt for seg tema som seksuell trakassering, skeiv maktfordeling og leiaransvar, og har inneheldt caseoppgåver og dilemmatrening. 

– Tilbakemeldinga frå Forsvaret har vore at ombodet sitt kursmateriell utviklast vidare til opplæring for rekruttarar og leiarar. Det synes vi er positivt, og både vi og Forsvaret er så langt nøgde med samarbeidet, seier ombod Bjørn Erik Thon.

Samstundes er det viktig at arbeidet for å førebygge seksuell trakassering fortset. Under møtet orienterte Forsvaret blant anna om handteringa av den mykje omtala saka der ein 25-åring blei snikfilma i dusjen. Vi understreka at det er viktig at slike alvorlege saker må handterast på eit høgt nivå. Forsvaret har tidlegare meldt at saka skal vurderast på nytt.

Ombodet og Forsvaret skal halde fram dialogen om denne viktige utfordringa. Ei ny kartlegging om seksuell trakassering er planlagt i haust. Bjørn Erik Thon er også invitert til forsvarssjefen si leiargruppe for å snakke om tematikken.

Her ynskjer han også å høyre meir om gjennomgangen av varslingssaker, som forsvarssjef Eirik Kristoffersen opplyste om onsdag.

– Eg ser fram til å treffe leiargruppa. Når arbeidet forankrast på absolutt høgste nivå i Forsvaret, sender det eit tydeleg signal om at førebygging av seksuell trakassering har høg prioritet, seier Thon.

 

Vil du vite meir? 

Newsletter